jun 182015
 
Lise Corwin i Frivillighet norge vil kartleggja det frivillige arbeidet i kommunen.

Lise Corwin i Frivillighet norge vil kartleggja det frivillige arbeidet i kommunen.

Det er eit yrande frivilligheitsliv i Austevoll- samstundes er potensialet enormt! Det finnes ingen oversikt over alle frivillige organisasjonar i øykommunen og Frivillighet noreg tok initiativ til eit møte, som skulle bidra til kartleggjing og samarbeid.

 

Mange austevollingar har aldri vorte spurt om å vera frivillig i Austevoll. Frivillighet noreg ynskjer å gjera noko med dette gjennom å kartleggja kor mange frivillige organisasjonar som kommunen har, og ved å skape bånd mellom frivillige organisasjoner, næringsliv og innbyggjarar.

Mangler oversyn

Alle kommunar har eit næringslivpolitikk og ein kommunal politikk, men berre 18 prosent av kommunane i Noreg har ein frivillighetspolitikk. Kommunane mangler ofte oversyn over alle frivillige organisasjonar som finst. Oversyn er grunnlaget for eit godt samarbeid og ein god politikk. Difor arrangerte Frivillighet noreg eit møte med Austevoll kommune for å kartleggja det frivillige arbeidet. Blant anna deltok Kultur- óg næringssjef John Tveit og Folkehelsekoordinator Regina Njåstad Vestrheim på møtet. I tillegg var det mange frivillige organisasjonar og lag på plass som til dømes Raudekross, Austevoll husflidlag og Austevoll kyst óg sogelag. Samlinga er ein del av eit prøveprosjekt, som Frivillighet Noreg har sett i gang. Austevoll kommune har takka ja til å vera med på dette.

– Målet er å setja dei frivillige organisasjonane inn i system og å bidra til betre samarbeid, forklarer Lise Corwin som er politisk seniorrådgjevar i Frivillighet norge. Ho meiner at det er eit stort potensial i Austevoll Kommune når det gjeld frivillig arbeid. Det er mange organisasjoner som ynskjer å få fleire med på laget og vil samarbeide med kommunen– men dei har aldri vorte spurt om det .

– Me vil tilby vårt verktøy for kartleggjing til kommunen. Arbeidet er no sett i gang og vi har tilpassa undersøkinga til Austevoll. Me skal gjera det me kan for å identifisera alle lag og organisasjonar. Dei vert så inviterte til å svare på undersøkinga slik at vi kan få oversyn og bidra til eit positivt samspel her i austevoll, poengterer Corwin. Ho fortel at prosjektet har ein framdriftsplan og at undersøkinga vil bli sendt ut denne veka. Deretter vil ho analysera svara over sommaren og så møta prosjektgruppa igjen. På dette siste treffet vil ho leggja fram kva dei har funne ut til politisk og administrativ leiing, og dessutan dei frivillige organisasjonane.

– Det var høg puls og full fart på møtet og ein let`s do it haldning. Me fekk mange gode innspel. Dette passar med at Austevoll er ein typisk ja – kommune, der ein stadig ser moglegheiter. Tidlegare har eg sett korleis lokale eldsjeler fekk opp trurlaget, påpekar ho. Avslutningsvis understrekar Corwin at Austevoll kommune kanskje ikkje veit om alle dei frivillige laga og organisasjonane, som finst. Det kan henda at 35 frivillige organisasjonar brått vert til 200 på bakgrunn av undersøkinga, seier ho.

 Av Magnhild R. Fivelstad