jun 182015
 

brann02
Eit naust og ein verkstad brann til grunnen i dag i Oksabåsen ved Kolbeinsvik.

Operasjonshavande Hans Petter Bjånesøy fortel til Marsteinen at bygga var overtende då mannskapet hans på tolv kom til staden, rundt eit kvarter etter meldinga kom inn frå 110.
– Flammane var høgare enn terrenget her då me kom, seier han og ber journalisten tre noko attende grunna eksplosjonsfaren i området. Det var nemleg fleire behaldarar med sveisegassen acetylen i bygga.
Brannmannskapet fekk òg hjelp av ambulansebåten Rygervakt, som er utstyrt med eigne pumper, til slokkingsarbeidet.
Lensmann Per Nordstrand seier det var eigaren av bygga som sjølv melde frå om brannen. Han bur like ved.
Når Marsteinen reiser frå staden klokka 14.15, driv brannmannskapet med etterslokkingsarbeid.
– Det er framleis ein veldig varme i området, seier Bjånesøy.