jun 262015
 
Kystlaget og seglforeninga inviterer til felles moro med fokk og storsegl.

Kystlaget og seglforeninga inviterer til felles moro med fokk og storsegl.

Segling er ein flott sommaraktivitet. Det vert arrangert kurs for barn og vaksne i segling og sjømannskap denne veka på Storebø.

 

Vil du kjenna vinden i håret, medan du styrer segla? Hele den neste veka held Austevoll seilforening og Kyst- og sogelaget kurs for barn og vaksne. Dette er eit samarbeid mellom desse samskipnadene for å auka kunnskap rundt segling. Ein lærer sjøvettsregler og å laga enkle knutar. Kursa passar godt for familiar, og er rimelege. Samskipnadane fortel at dei vert glad for alle som viser interesse og vil vera med på dette. Kursa vil ha hamna Atlanta, som eit utgangspunkt. Det er framleis ledige plassar.

– Ta på deg redningsvesten og ver med! seier Svein Midtøy. Han er leiar for Kyst- og sogelaget og ynskjer at flest mogleg skal delta på kursa. Kursa for barn føregår mest om dagen og dei øver med joller. Medan kursa for vaksne føregår mest på kveld og ettermiddag.

– «Notmann», som er seglskuta til Austevoll kyst- og sogelag vil vera i bruk heile dagen. Me håpar på fleire medlemmar på sikt, seier han.

 

Sosial aktivitet

Svein fortel at kursa både inneheld teori og praksis.

– Me ynskjer å dela gleda med å vera på sjøen. Ikkje minst få fram at segling er ein kjekk og sosial aktivitet der ein får vera med andre. Det kan vera hyggeleg for familiar å vera med andre, i staden for å berre vera med sin eigen familie, seier han.

Han fortel at det er noko unikt med å læra og beherska elementa på sjøen.

– Kursa inneheld òg kunnskap om den maritime kystkulturen, seier Svein.

I sommar har Kyst- og sogelaget planlagt ein tur inn til Hardanger i nokre dagar, der seglskuta deira Notmann har vorte bygd. Dei drar elles på forskjellige seglturar om sommaren.