jul 022015
 
Oline M. Molnes og Anna Emilie R. Vik er to av austevollingane som denne veka lærer seg å spela retteleg på lag med vind og sjø ved Atalanta.

Oline M. Molnes og Anna Emilie R. Vik er to av austevollingane som denne veka lærer seg å spela retteleg på lag med vind og sjø ved Atalanta.

Endeleg kjem pustet, den vesle seglbåten legg seg over på sida. Fokka og storseglet vert fylt og Even V. Vassnes og Henrik Fyllingsnes gliser medan dei glir forbi fylgjebåten.

– No seglar de flott, karar! ropar veteranane etter dei.

 

– De må få fokka på andre sida av storseglet! Der ja! Bra! Olav H. Østervold, superveteran frå den lokale seglforeininga, held som ein bas ved sildekastet blikket vendt mot sjøen. Ei rekke små fartøy med storsegl og fokk utgjer klubben sin flåte under sommarskulen, som gjekk frå beddinga på måndag. To av båtane er i klubben sine, resten innleigde.

Even V. Vassnes (9) og Henrik Fyllingsnes (9) er mannskap på ein av dei smekre båtane. Akkurat i dag er det ikkje nok vind til at dei skal oppnå toppfart, men dei to niåringane frå Kolbeinsvik gliser godt når gode råd frå sjøulkane i fylgjebåten resulterer i ny fartsrekord.

– Desse båtane kan gå utruleg fort under dei rette tilhøva, seier Magnus Stangeland, som i si tid var ein av eldsjelene som gav oselvarseglinga ein ny vår på øyane.

– Me kunne jo ikkje lata Magnus helda på med dette åleine, flirar Olav H. Østervold. Han har sjølv ei rekkje trofé frå NM ståande på peishylla i heimen.

Resten av minireportasjen les du i avisa i dag.