jul 022015
 

 

Fiskeriminister Elisabeth Aspaker kasta glans over opninga av Heimalaga og senteret i dag.
Fiskeriminister Elisabeth Aspaker kasta glans over opninga av Heimalaga og senteret i dag.

Fullstappa butikkar, smilande menneske og mange høgdepunkt prega opninga av senteret. Fiskeriminister Elisabeth Aspaker var til stades for å markera starten for spisestaden og kaféen Heimalaga.

– Det har vore heilt fantastisk å vera med på opninga av senteret og Heimalaga, seier ho. Det er deilig at me no har eit regelverk på plass, som gjer det mogleg å selja fersk fisk og lokal sjømat, slik som Heimalaga no gjer.
Ho meiner at Noreg treng fleire liknande stadar, fordi det er etterspurnad etter denne typen mat.

– Det er positivt for folkehelsa med sjømat. Det har blitt kjempestilig inne på Heimalaga, seier ho med eit smil.
Ho prøvesmakar på snøkrabbe utanfor i folkemengda, som har samla seg i dette høvet.
– Det er fyrste gong eg smakar på denne arta, som dei skal skal byrja å hausta her i Austevoll. Denne vil få stor verdi framover. Han smakar nydeleg!, fortel ho.

Folkefest og catwalk
Det var mange kundar i butikkane, og ei svær samling av menneske utanfor senteret. I det deilige vêret smakte mange på kaker, is og muffins, og lokal fiskemat. Marsteinen prata med tvillingane Kristbjørg Torgnes Drønen (82) og Borgny Kalvenes Aarsnes (82).
– Du verda så flott det er vorte her. Det er ein god service og ei kjempefin stemning, seier Kristbjørg.
Ho har vore rundt i fleire butikkar og sit no utanfor Heimalaga og et is.
– Eg er samd, det har verkeleg vorte fint her, seier Borgny.
Tvers over bordet for dei sit far og son, John Henry Erstad (43) og Philippe Møgster Erstad (3). John Henry seier at dei har fulgt med på bygginga, og at det har gått fort.
– No nyt me opninga og det fine vêret, fortel dei.
Etter kvart vert det catwalk, der innehavar frå Dryss, Bergitte Tveit Haugland (25) viser fram forskjellige klede.

Uforgløymeleg
Alle innehavarar fortel om ein positivitet utan sidestykke etter opninga. Sigrun Blindheim, som driv blomsterbutikken ForglemMegEi, seier ho har gått rundt med tårer i auga i heile dag.
– Det har vore ein så flott dag med kjempemange kundar. Eg har nesten ikkje ord, seier ho.
– Dei skryter av butikken og blomane. Det har vore hektisk, men mest av alt gøy. Dette er uforgløymeleg. Me kunne ikkje drøymd om ei betre opning, fortel ho.