jul 162015
 
I det tidlegare lakseslakteriet på Stolmen ynskjer Marius Fimland å driva eit villsauslakteri. Villsaubonde John Inge Vik er i høgste grad med på laget, og meiner dette har vore ei mangelvare i Austevoll litt for lenge.

I det tidlegare lakseslakteriet på Stolmen ynskjer Marius Fimland å driva eit villsauslakteri. Villsaubonde John Inge Vik er i høgste grad med på laget, og meiner dette har vore ei mangelvare i Austevoll litt for lenge.

Om Marius Fimland og John Inge Vik får det som dei vil, vert det råd å få kjøpt pinnekjøt av villsau frå Austevoll i butikkane våre til jul.

Det er planar for det tidlegare lakseslakteriet på Mølno på Stolmen. I dei til saman rundt 750 rutemeter store lokala som stort sett har vore unytta sidan 1990-talet ynskjer initiativtakar Marius Fimland, villsaubonde John Inge Vik og eit lass av interessentar å få opp og gå eit villsauslakteri og eit fiskemottak, i ulike einingar. Slakteri-biten fyrst; for å få på plass dei grunnleggjande elementa som gjer at ein i fyrste omgang kan driva foredling på staden, treng dei minst 750 000 kroner.
– Aksjonerar i form av private både verksemder har til no gått gode for 700 000, så me er godt på veg. Det er framleis rom for fleire å melda interessa si, målet er éin million, seier Fimland. Aksjepostane ligg på 1 000 kroner kvar.
Allereie komande haust vonar karane at foredlingsdelen kan koma i gang.
– Dyra vil på vanleg vis verta sende til slakt andre stadar, men når me får dei heile dyra attende, kan dei foredlast her, seier Vik. Der er såleis ikkje utenkeleg å få fatt i pinnekjøt frå austevollsk villsau til jul. Frå hausten 2016 vil ein kunna levera dyra direkte til slakting på Stolmen – gjerne med båt, rett frå beite på ein holme. Slakteriet ligg nemleg ved sjøkanten.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.