jul 162015
 

Faktaboks
Eit liv under ein parasoll på Kreta var ikkje noko dei gamle sjøulkane John Olav og Karl Håkon Økland kunne leva med i lengda. Etter salet av «Ordinat» er satsinga gått frå fisk til snøkrabbe.
Snøkrabbe1
Det aular av liv om bord i den ombygde ringnótaren «Prowess». Mattilsynet, Innovasjon Noreg og mannskapet er som maur på dekket. 6 500 teiner skal stablast på plass før kursen vert sett i retning Barentshavet.
– Me har stor tru på snøkrabben. Det vert sagt at dette er den nye vekstindustrien – og det vil me vera med på frå starten, seier skipper Karl Håkon Økland. Sjølv har han reist på havet frå 1972, og å pensjonera seg var heilt uaktuelt då ringnótaren «Ordinat» vart seld med kvoter og alt i fjor haust.
Dermed vart skotske «Prowess» kjøpt inn, sonar teke bort, RSW-tankar bygd om til ballasttankar, eit heilt dekk laga klart til fabrikk og det meste anna lagt under dekk. Berre mottaksområdet vil vera eksponert for vêr og vind. Det er chief Knut Magne Økland, òg veteran frå gamle «Ordinat» og deleigar i det nye selskapet Ocean Venture AS, som viser lokalavisa kring i den nyutrusta fiskebåten.
– Å verna mannskapet for vêr og vind er viktig, sidan det kan vera veldig kaldt der me kjem til å operera, seier maskinsjefen. Kald, tørr luft i Barentshavet gjer at dei òg har investert i ein ventilasjonsanlegg som tilsetter fukt til lufta.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.