jul 162015
 
IMG_0040

Det vart ein dyr tur over Bjørnefjorden for Bjarte Magnussen. Han reagerer på prosedyren fram mot straffegebyret på 2 209 kroner. I tillegg betalte han for bil og hengar, 2 457 var sluttsummen på reisa.

Det kan kosta deg dyrt å sitja i andre tankar når ferjebillettøren tek runden sin. Bjarte Magnussen meiner 2 209 kroner er drygt for å ha gløymt å nemna for ein tilhengar.

Kvar dag tek Bjarte Magnussen, som arbeider i byggjebransjen, ferja mellom Hufthamar og Krokeide, og attende om ettermiddagen. Førre onsdag hadde han ein hengar med seg bak bilen på 15.35-ferja frå Krokeide, noko han vanlegvis ikkje har. I andre tankar sa han likevel berre Éin bil då billettøren gjekk rundt i salongen og tok betaling.
– Billettøren kom attende like etterpå og sa Det var éin bil du sa?. Eg svara ja, og tenkte at dette har då ikkje skjedd før, at dei spør om slikt etterpå. To minutt seinare vart eg ropt opp over høgtalaren og beden om å komma til billettluka, seier Magnussen.
I luka vart han gjort merksam på at han hadde unnlate å nemna hengaren, og at dette medførte eit straffegebyr. På ein hengar utgjer dette 2 209 kroner.
– Eg forstår at det er må vera eit straffegebyr, men synest 2 209 kroner er hårreisande mykje for nokon som gløymer seg éin gong. Eg tek som sagt ferja dagleg, og legg att ganske mykje pengar der i løpet av året.
Magnussen seier at frå ferja gjekk frå Krokeide til han vart informert om straffegebyret, tok det fem minutt.
– Det er ikkje rom for føraren å gjera feil. Eg prøvde sjølvsagt ikkje å unnlata å betala for ein fullasta hengar som er fysisk festa til bilen, og ser ikkje noko poeng i prøva å snika seg unna ekstrataksten denne kostar, seier Magnussen.

Føraren sitt ansvar
Ombord i M/F «Marstein», der gebyret vart gjeve, vil dei ikkje uttala seg om straffetakstar, og viser til drifts- og mannskapssjef i Fosen Namsos Sjø avdeling Hordaland, Svein Kleppe. Han viser vidare til rederisjef Arild Hoff, som tek seg av spørsmål frå pressa ettersom administrerande direktør er på ferie.
Hoff er klår på at det er føraren sjølv sitt ansvar å oppgje korrekt informasjon når billettøren kjem; både lengd på køyretøyet, tal og alder på passasjerar og eventuell tilleggslast.
Han har forståing for at eit straffegebyr kan koma overraskande på nokon, og spesielt om sommaren når ein brått køyrer med camping- eller bubilar i staden for vanlege personbilar.
– Med tanke på alle som reiser med ferjesambanda våre i landet, er det ikkje eit stort problem at folk gjev feile opplysingar.
Takstane er fastsett av Statens Vegvesen, og er riksregulerande. Det vil seia at dei er like for heile landet. I punkt 1.14 under Riksregulativ for ferjetakster står det at reisande som ikkje kan visa gyldig billett eller registrert kortbruk ved kontroll skal betale straffetakst i tillegg til fullpris billett. Straffetakst er 750 kroner per person og 2 000 kroner per køyretøy. Bjarte Magnussen viser at han måtte betale 2 209 kroner i straffetakst i tillegg til 248 kroner for bil med hengar på rabattkortet.

Verka tilfeldig
Etter Bjarte Magnussen uttrykte usemje då han vart presentert for straffegebyret på ferja, seier han at billettøren gjekk opp i styrhuset for å drøfta saka med skipper. Han skal då ha sagt at det fekk vera opp til billettøren sjølv å avgjera om gebyret skulle gjevast eller ikkje, noko han landa på å gjera. Dette meiner Magnussen vitnar om tilfeldig utlevering av straffegebyr.
– Me kan ikkje kommentera einskildsaker, og vil heller ikkje driva med sakshandsaming gjennom media, seier Arild Hoff om den spesifikke episoden.

Av May Linn Clement