jul 162015
 
Ordførar Renate Møgster Klepsvik meiner at personvernet er eit av omsyna som må vega tyngst i saka om rektoravgangen.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik meiner at personvernet er eit av omsyna som må vega tyngst i saka om rektoravgangen.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) har gitt kommunestyrepolitikarane innsynsrett i avtala mellom den avgåtte rektoren på ungdomsskulen og kommunen. Så langt har berre ein representant nytta seg av tilbodet.

Allereie den 30. juni sende ordførar Møgster Klepsvik ut ein e-post til kommunestyremedlemmane, der ho gjer greie for at dei som ynskjer sjølv kan møta opp ved offentlege servicekontor og signera for at ho er lest i etterkant.
– Både rykte og vinkling i media gjer at me total sett er lite tente med vidare spekulasjonar kring ordlyden i avtalen, skreiv Møgster Klepsvik i e-posten til representantane. Til lokalavisa understrekar ho at det skjedde før ho vart merksam på at Høgre, Arbeidarpartiet og ein tidlegare representant frå Framstegspartiet hadde sendt spørsmål om sakshandsaminga til kontrollutvalet.
– I etterkant av at lokalavisa kom ut den veka, blussa debatten veldig opp i lokalsamfunnet vårt, og eg registrerte då at det gjekk ulike rykte om den tilsette som ikkje hadde hald noko stad, hevdar ordføraren. Ho legg samstundes til at ho synest heile saka har fått ei umennskeleg vinkling, og rekna med at det ville verta ro rundt saka dersom representantane fekk lesa avtala.
Tor Grini seier sjølv til lokalavisa at han ikkje opplever oppslaga i Marsteinen som belastande.
– Det er heller stikk motsett; at eg er takksam for at sanninga kan komma fram, kommenterer han.
– Eg ynskjer meg full openheit.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.