jul 222015
 
NRK sin sommarbåt kjem til Austevoll i morgon. Møter du opp til lands eller til vanns? Foto: NRK.

NRK sin sommarbåt kjem til Austevoll i morgon. Møter du opp til lands eller til vanns? Foto: NRK.

I morgon kjem NRK til Austevoll for å filma til programmet Sommarbåten. Det vert sendt på direkte-TV.

Ordførar Renate Møgster Klepsvik ser fram til arrangementet.
– Tolv fiskebåtar skal liggja ved kaien og gje salutt. Det blir litt i same stil som då kongeskipet var her. Det er fint å få vist fram Austevoll frå si beste side, seier ho med eit smil. At skipa tar sommarbåten i mot vil òg gje eit god høve til å fortella litt om fiskerikommunen vår.

Etter planen rundar sommarbåten Hufthamar kring klokka 14.

På kvelden vert det underhalding, og bergensbandet Razika skal spela opp til fest med fengande tonar i ei blanding av indiepop, indierock og punk. Dei skal blant anna spela hitten Vondt i hjertet.
– Eg håpar på fint vêr, og at austevollingane er ute og byr på seg sjølv, som dei er så flinke til. Ver ute og vink, oppfordrar ho med eit stort smil.

I fylgje prosjektleiar Stig Karlsen, er nokon av gjestane som NRK har avtalt å intervjua gründerane Mia Kalve, Anne Marte Dalseide og verdsmeister i kokkekunst Ørjan Johannessen.

 

Av Ida Camilla Jarnes