jul 232015
 

gt guro på benken
Å gje nytt liv til gamal rekved, er vorte ein kjær hobby for Guro Eimstad Tharaldsen. Dei gode vikene for fangst, vernar ho om som moltemyrane på Voss.

– Det byrjar å minka no. Arild ser det han òg, så me må snart komma oss ut på skattejakt i igjen.
Guro Eimstad Tharaldsen ser ut frå kjøkenvindauga om mot verkstaden sin, der drivved er sortert etter lengd, tjukn og kvalitet. Klokka er 9.30, og med ein fridag på kalenderen betyr det at Guro allereie har vore ute og skrudd i nokre timar.
– Eg har ein tendens til å prioritera denne hobbyen framføre andre gjeremål, seier ho og ler. Hyller, benkar, krakkar og bord er noko av det som plar å kome ut av ein tur i verkstaden. Ei slags hylle-ramme er prosjektet for denne føremiddagen.

Bli med Marsteinen heim til rekvedkunstnaren i dagens avis.