jul 312015
 
Kersti blant buketten sin. Lena (4), Mario (8) og Anders (6) har planta kvar si skål med havre, som dei stolte vil visa fram.

Kersti blant buketten sin. Lena (4), Mario (8) og Anders (6) har planta kvar si skål med havre, som dei stolte vil visa fram.

Kersti Østervold (41) trur livserfaringa ei vaksen trebarnsmor har med seg er ein av grunnane til at ho i vår gjekk ut frå sjukepleiarstudiane med eit av dei beste resultata i landet.

Er du etablert med familie, går mot 40, kjenner på at det kunne vore kjekt å læra noko nytt, men har ikkje vore i eit klasserom sidan den tida då overhead vart nytta? Fortvil ikkje.
Då Kersti Østervold som 38-åring sette seg på skulebenken igjen, med barn på eitt, tre og fem år, var det ikkje med planar om å tre år seinare gå ut frå Høgskulen på Stord (HSH) med det beste karaktersnittet av alle medstudentane.
– Faktisk stussa eg på om eg i det heile tatt kom til å klara studiane. Med tre små barn rekna eg med det vart ein del fråver grunna sjukdom, og mannen min Odd Arne var på fiske ein månad i slengen, seier den nyutdanna sjukepleiaren frå frukostbordet på Hundvåkøy. Mario (8), Anders (6) og Lena (4) har sommarferie, og kjem sigande ned trappa frå soveromma sine ein etter ein. Dei har i stor grad heldt seg friske dei siste tre åra, og var ferdig med det meste av barnesjukdommar då mor vart student igjen.
For det er ikkje slik at sjukepleiar er den fyrste utdanninga Kersti har teke.
– Eg har høgare utdanning innan handel og finans frå Austerrike, der eg er oppvaksen, og arbeidde sju år i banken der frå 1995. Då eg flytta til Austevoll var eg nokre år ved Sparebanken Vest på Storebø, fortel ho.
Kersti gjekk over til arbeida med rekneskap då ho vart gravid med fyrste guten.
– Eg syntest det vart litt einsamt, og sakna kundekontakten eg hadde hatt i banken.
Eg er veldig glad i å jobba med eldre, og det var ofte dei som kom til banken.
Kersti byrja så å leika med tanken om å studera meir.
Òg med seg i studieporteføljen frå Austerrike hadde Kersti eit over 20 år gamalt årsstudium i medisinsk massasje, som går på opptrening etter skadar.
– Eg har alltid vore interessert i samanhengane mellom kropp og helse, og gjorde det òg veldig bra på eksamenane den gongen. Alle dei latinske namna på knoklane har eg hugsa sidan, seier Kersti. Litt latinsk i ryggsekken, kom godt med då sjukepleiarutdanninga stod for døra.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.