jul 312015
 
I den flunkande nye katamaranen MS "Malin", kan eigar Ståle Torsvik og mannskapet Håkon Hufthammer og Adrian Hovland sjå framover. Båten er spesialisert på å vaska merdar.

I den flunkande nye katamaranen MS «Malin», kan eigar Ståle Torsvik og mannskapet Håkon Hufthammer og Adrian Hovland sjå framover. Båten er spesialisert på å vaska merdar.

Førre helg vart katamaranen MS ”Malin” døypt. Båten vart oppkalla etter 10 år gamle Malin, som er dottera til eigaren av firmaet Annca AS, Ståle Torsvik. Dei har frå før av den mindre katamaranen MS «Annca».
ms malin
Unge Malin fekk æra av å knusa flaska under seremonien i Kolbeinshamn førre laurdag. Torsvik fortel at det var god stemning. 70-80 personar var på plass i hamna og fleire vifta med norske flagg.
– Det var stor stas. Etter at båten var døypt song Malin to songar og fekk stor applaus.
Elektrikaren Torsvik trivst best på sjøen i frisk og salt luft. Han skifta beite og byrja arbeida på sjøen for 10-12 år sidan. Han fortel at han arbeider med mange kjekke folk i Annca AS, som har røynsle med næringa.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.