jul 312015
 
Helene Vassnes er godt over medels interessert i fotball. Målet hennar er å koma på landslaget, noko trenaren frå Framnes vgs meiner er mogleg.

Helene Vassnes er godt over medels interessert i fotball. Målet hennar er å koma på landslaget, noko trenaren frå Framnes vgs meiner er mogleg.

Førre helg kom Helene Vassens (18) heim med gullmedalje frå Dana Cup og sølv frå Gothia Cup. Kolbeinsvik-jenta scora i begge finalane.

Fotball er på mange måtar livet til Helene Vassnes. I to år har ho gått på toppfotball-lina ved Framnes vidaregåande skule, og like lenge har ho spela for Arna-Bjørnar.
– Tre gongar i veka har eg teke bussen frå Norheimsund til Arna for å trena. No har eg nett fått sertifikatet, så til hausten kjem eg nok til å køyra til treningane sjølv, seier 18-åringen. Ho har vore heime i Kolbeinsvik i eitt døgn når Marsteinen kjem på besøk.
– Eg kom frå Danmark og Dana Cup med laget mitt i går. Det var heilt fantastisk å ha med gullmedaljen, seier ho.

Les om Helene og fotballinteressa hennar i Marsteinen denne veka.