jul 312015
 
Ole André Austevoll kan kryssa av eit av måla sine for året. Neste veke er han einaste hordalending blant rundt 150 syklistar som skal delta på europameisterskapen i Estland. Arkivfoto.

Ole André Austevoll kan kryssa av eit av måla sine for året. Neste veke er han einaste hordalending blant rundt 150 syklistar som skal delta på europameisterskapen i Estland. Arkivfoto.

Ole André Austevoll (21) er den einaste frå Hordaland som skal delta på EM landeveg i Estland den kommande veka.

Etter at han har gjennomført ei hard intervalltrening, får Marsteinen ein hyggeleg prat med Ole André. Han fortel om den komande turneringa, EM i landevegssykling, som skal gå føre seg i Estland. Ole André skal sjølv delta som ein representant for Noreg i Europameisterskapet.
– Det er meisterskap for ryttarar under 23 år. Me skal sykla 160-170 kilometer, og det vert ein felles start, med håp om å komma fyrst i mål. Vegen me syklar på er for det meste flat, men med nokon småbakkar, fortel han.
Når vekk du vita at du skulle vera med i tevlinga?
– Eg fekk beskjed av landslagssjefen på måndag om at dei hadde valt ut dei beste syklistane frå U23-landslaget i Noreg, og at eg var ein av seks stykk i Noreg som vart med.
Ole legg til at han er kjempeglad over å få delta.
– Dette har vore eit mål eg har hatt i år, og som eg har tenkt mykje på.
Ole André Austevoll er den einaste i Hordaland som skal delta blant nærare 150 andre deltakarar frå heile Europa.

Les heile saka i Marsteinen denne veka.