jul 312015
 
Bård Hoksrud helser på dei eldre.

Bård Hoksrud helser på dei eldre.

Frp sin eldrepolitiske talsmann Bård Hoksrud var, som ein del av ein ”studietur”, på pleie- og omsorgssenteret på Storebø i går. Han meiner at Austevoll kommune er god på eldreomsorg og at andre kommunar bør fylgja modellen deira.

Etter ei omvising på PO-senteret, saman med ordfører Renate Møgster Klepsvik (Frp), uttrykkjer Hoksrud at dei eldre vert tekne godt vare på i øykommunen. Dessutan påpeika han at trappetrinnsmodellen, som går ut på at ein gradvis fylgjer brukaren sitt helsebehov og utfordringar, fungerer etter hensikta.
– Eg brenn for eldreomsorga og at ein tek vare på den einskilde. På dette senteret ser me at dei eldre får den omsorga dei treng. Pasientane skal alltid vera i fokus. Senteret viser at ein tilrettelegg behova til den einskilde.

Eit godt døme
Sjukeheimen har blant anna eit mediesenter, sansehage og fleire ulike avdelingar for eldre. 86 prosent av brukarane som bur på senteret er demente. Det er to spesialavdelingar og sjukeheimen har òg kompetanse på lindrende behandling. Det er Aleris AS som driv sjukeheimen etter bestillingar frå kommunen, basert på naudsynte behov.
– Me meiner at senteret kan vera eit døme på at tenester som er konkurranseutsette fungerer bra. Austevoll kommune kan vera eit utstillingsvindauge for andre kommunar, seier Hoksrud.
På omvisinga fekk han helst på to eldre damer og i tillegg sett på det tilbodet senteret tilbyr. Samarbeidet mellom lege og sjukepleiarar vart fremheva, som godt. Det føregår mykje aktivitet for dei eldre der. Senteret har ein eigen buss, som kan ta brukarane med ut på tur. Det var fagleg leiar ved PO- senteret, Kjersti Søderberg, som saman med teamleiar og sjukepleiar Isabell Halstensen stod for omvisinga.

Les meir om saka i Marsteinen neste veke.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad