aug 032015
 
Vinner Håvard Austevoll tek styringa frå start. Foto: Magnhild Rommetveit Fivelstad.

Vinner Håvard Austevoll tek styringa frå start. Foto: Magnhild Rommetveit Fivelstad.

På ein litt grå dag bidrog arrangørar og deltakarar til at Møkster maraton blei ei god oppleving. Håvard Austevoll fra Stavanger fekk ny løyperekord i naturvakre omgivnadar.

Laurdag morgon, litt over klokka halv ni, tok mange spente deltakarar snøggbåten til Møkster. Det var regn på ruta, men folk sat og prata om den komande maratonen. Det er det gode fellesskapet og den spesielle opplevinga ved løpet, mange ynskte å erfara. Men enkelte ville og pressa sine eigne grenser og forsøka å prestera.

Sjefen i løypa
Håvard Austevoll, som er ein av rundt 30 påmeldte på Møkster maraton, fortalde på førehand at det er ei krevande løype.
– Det er mykje stigning og det vil verte tungt for beina, sa han med eit smil.
Men under løpet var det høg fart på han og det var vanskeleg å sjå at Austevoll sleit fysisk. Til slutt vann han suverent med tida 2.49.42 og sette ny løyperekord på den 42 kilometer lange distansen. Han var nøgd med resultatet.
– Eg måtte berre visa kven som var sjefen, fortalde han.
Det var jamnt heilt fram til dei to siste rundane, som han sprang aleine. Austevoll val å rykkja i fra dei andre då. Han skrytte over løypa og av stemninga etter at han kom i mål.
– Det er ein veldig fin maraton og det var ei fantastisk stemning undervegs.
Austevoll vil gjerne delta fleire gonger på Møkster maraton. Han skal springa Amsterdam maraton snart, og meinte at dette var ei fin gjennomføring i førekant.

Les meir om saka i Marsteinen denne veka.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad.