aug 052015
 
Marius Hauge Sætre Vik (9) framføre bygget der den elektriske vedkløyvaren tok fyr.

Marius Hauge Sætre Vik (9) framføre bygget der den elektriske vedkløyvaren tok fyr.

Det som kunne ha vorte ein stygg brann i ein garasje på Troland, vart i føremiddag hindra. Ein elektrisk vedkløyvar tok fyr, og Marius (9) såg røyken frå bygget før nokon andre reagerte.

Observante Marius Hauge Sætre Vik (9), som er på besøk hos bestemora på Troland, oppdaga frå vindauga sitt at det kom røyk sigande ut ved mønet i garasjen, som er tilknytt ei eldre løe.
– Han sa Ser du ikkje det, besto?, men eg såg det ikkje, seier bestemora, som er ganske så stolt over guten sin.
– Det er kjempebra jobba, me treng slike kvikke folk som deg, seier Hans Petter Bjånesøy frå brannvesenet til niåringen.

Slik såg vedkløyvaren ut etter brannen.

Slik såg vedkløyvaren ut etter brannen.

Vedkløyvar tok fyr
Like etter såg dei vaksne i huset òg røyken, og mor til Marius ringte så brannvesenet. Ein av dei fyrste frå mannskapet som var på staden sløkte flammane med ein hageslange, og brannen var under kontroll då resten av mannskapet var på plass. Det var ein elektrisk vedkløyvar, som ikkje var i bruk, som hadde teke fyr i verkstaden.
– Hadde dette skjedd om natta medan folk sov, ville nok utfallet vore annleis, seier Lars Bu i brannvesenet.