aug 062015
 

vatn01
Medan resten av Austevoll har tilbod om reint vatn frå Austevoll vatn og avløp (AVA), er framleis Hevrøy, Litlakalsøy og Møkster avhengige av takvatn og brønnar. Men no går dei reinare tider i møte. Våren 2016 legg AVA ned 10 600 meter med kablar i Møkstrafjorden, noko som gledar representantane og pådrivarane frå øyane, Roger Jørgensen, Kåre Magnus Hevrøy og Linda Økland.