aug 072015
 

Kva skal me spørja dei om
Det er 36 dagar (eller fem Marsteinen-utgåver, om du vil) att til kommunevalet 14. september.
Marsteinen vil dei komande utgåvene laga ein enquete til dei sju ordførarkandidatane våre, Anja Heggholmen (Ap), Lars Knut Aarland (Sp), Renate Møkster Klepsvik (Frp), Bjørn Magne Hufthammer (V), Stina Nordbak (MDG), Morten Storebø (H) og Kai Eliassen (Krf).

I enqueten vil me stilla dei gode, konkrete spørsmål. Her vil me gjerne ha innspel frå lesarane våre.
Tema for enqueten til fyrstkommande nummer er: SAMFERDSLE.

Send inn spørsmåla dine til redaksjonen@marsteinen.no innan sundag ettermiddag den 9. august. Merk e-posten «Spørsmål til ordførarkandidatane».
Spørsmål kan òg sendast til oss gjennom Facebook-sida vår.