aug 112015
 
Malin Økland låg bak dei to hestane i rundt 20 minutt. Foto: Malin Økland.

Malin Økland låg bak dei to hestane i rundt 20 minutt. Foto: Malin Økland.

To hestar, ein stor og ein mindre, hadde kome seg frå beitestaden sin og gjekk i vegbanen i retning vassverket i ettermiddag.

Malin Økland var førar av bil nummer to i det som etterkvart vart ein god, saktegåande kø bak hestane. I rundt 20 minutt låg ho bak dei to dyra.
– Eg fylgde dei frå skytebanen og til like oppom vassverket. Der gjekk hestane av i skogsstien ned mot venstre, elles gjekk dei i hovudvegen heile tida, seier ho.
Det er 80-sone i dette området.
Kjelder opplyser om at hestane no vert fanga. Eigarane er ikkje frå Austevoll, men held for augneblinken til ved Eido.