aug 132015
 

 

Benedicte Fyllingen starter eigen bedrift

Benedicte Fyllingen starter eigen bedrift

Nå vert det oppretta Bailine i Austevoll. Benedicte Fyllingen (29) starter eigen bedrift på Selbjørn. Lokalet har ho i sitt eige hus, der Vivema frisør tidlegare var.

 

– Kva er Bailine?

– Det er trening ved hjelp av elektriske impulser fra maskiner. Det er ein slags kombinasjon at eit treningssenter og vektklubb. Ein får vegleiing, motivasjon og personleg oppfylgjing, seier Fyllingen.

No har ho to båsar i lokalet, men håpar på å få fire etter kvart. Kvar pasient får eigne kabinett der behandlingen gjennomførast.

– Den elektroniske stimuleringa får ein gjennom pads som blir festa til kroppen og tilkobla ei masking. Bailine har skreddersydde program for heile kroppen. Alt frå eigne smertebehandlingsprogram og celulittfjerning, til forskjellige treningsprogram.

Les meir om saka i Marsteinen denne veka.

Av Ida Camilla Jarnes.