aug 132015
 
Siv Jensen (Frp) helste på folket i Bekkjarvik

Siv Jensen (Frp) helste på folket i Bekkjarvik

Siv Jensen (Frp) besøkte Bekkjarvik i går, som ein del av valkampen. Ho var mest oppteken av å helsa på folket og var imponert over dei splitter nye omsorgsbustadene ho fekk sjå.

Det var ein del menneskje som hadde møtt opp for å treffa partileiaren og finansministaren, som smilte og helsa på alle i folkemengda utanfor Bekkjarvik torg.
– Det er viktig for meg å snakka med folk og å møta folk flest, sa ho.
Ordførar og partikollega Renate Møgster Klepsvik og Helge André Njåstad viste og fortalde om omsorgsbustadene, som nylig er etablerte ved senteret. Dei har utsikt over Bekkjarvik og er ifylgje politikarane berre eit trappetrinn unna alle fasilitetar. Det er ein framtidig plan å få slike bustader òg på Storebø, ifylgje politikarane.
Jensen syntest at Austevoll gjer det godt innanfor helsesektoren.
– Eldreomsorga skin. Denne kommunen har lukkast med fleire velferdssaker.
Ho trekkjer fram Møgster Klepsvik og Njåstad, som ho meiner har sett Austevoll på kartet.
– Renate har blant anna fleire gonger vore på Stortinget for å fremja saker frå Austevoll.
Siv Jensen sa at ho trudde at desse politikarane vidare vil arbeida for ein enda meir stabil samferdsel i kommunen. Ho fortalde at Framstegspartiet har bidrege til eit godt samspel i kommunen. Ho helsa til slutt på Øystein Fammestad, som ynskja eit bilete saman med ho, og tok eit farvel med folkemassa.
På veg ned til ambulansebåten, som ho òg kom med, fortel Jensen at Austevoll har eit stort areal med få innbyggjarar. Likevel er dei på toppen i næringslivet. Dette skil Austevoll frå mange andre kommunar, sa Jensen, som hadde vore på Askøy, i Bergen og Os før ho kom til Bekkjarvik i går. Opphaldet vara i ein snau halvtime, før partileiaren reiste vidare mot hovudstaden.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad