aug 132015
 

Donor1

I Noreg døyr menneske medan dei ventar på nye organ. Syskene Ingeliv Sommer (67) og Ivar Kalvenes (70) har sjølv kjent på kroppen korleis det er både å gje og få eit livsviktig organ.

Syskenparet har ei spanande historie å fortelja. I ein alder av 60, donerte Ingeliv ei nyre til bror sin, og dermed redda ho livet hans.
Ivar jobba som kaptein på ”Tango Marina” i fleire år. Etter kvart blei arbeidet tyngre, og han merka at det var noko som ikkje stemde. Ivar fekk påvist cystenyre, som inneber at nyrene sviktar gradvis.
– Nyrene hans var på halvannan kilo kvar. Han gjekk jo rundt og såg gravid ut i lengre tid, fleipar Ingeliv.
Sølv om det var fleire matchar blant dei fira syskena, valde Ingeliv å stilla opp.
– Då Ivar merka at nyrene vart dårlege, byrja me å prata. Eg sa at dersom det var behov, og eg var ein match, skulle han få ei nyre frå meg. Eg tykte ikkje det var noko problem.

Les meir om den gripande historia i avisa denne veka.