aug 202015
 
Fylket har bestemt at det vert leigd inn ekstraferjer under planlagde verkstadsopphald.

Fylket har bestemt at det vert leigd inn ekstraferjer under planlagde verkstadsopphald.

Samferdsleutvalet gjekk i går inn for å sikra at det vert B-ferje på Hufthamar–Krokeide når ferjer vert tekne ut til planlagde verkstadsopphald. Økonomien vert det òg ordning på.

 

Fleirtalskoalisjonen i fylkestinget, Høgre, Venstre og Framstegspartiet, går inn for at Austevoll får erstattingsferje når ferjer skal inn til planlagde verkstadsopphald. Det betyr sju ekstra veker med B-ferje i drift på sambandet ut kontraktstida. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) forklarar framlegget til partia, framlagt på samferdsleutvalet sitt møte i går.

– Austevoll er i ein heilt spesiell situasjon og treng regularitet i rutene sine. Det vert mellom anna sagt at det er ingenting som har så dårleg tid som ein slakta laks, kommenterer Nilsen. I framlegget til møtet i går, kom det fram at Austevoll-sambandet er særleg sårbart når det vert trafikkert av ei ferje og det vert transportert farleg last.

Les heile saka i avisa i dag