aug 202015
 
Reve meiner at havbruksnæringa er framtida.

Reve meiner at havbruksnæringa er framtida.

Næringsrådet arrangerer Austevollseminar 2015 i dag og i morgon. Foredraget Kva skjer etter olja? vart halde av Handelsshøyskolen sin BI-professor Torger Reve, som fortalde at havbruksnæringa er redninga.

Marsteinen tok del i foredraget. Innleiingsvis fekk salen spørsmålet: ”Kva skal me leva av her vest når olja og gassen sviktar?”
– Det er fisk me skal leva av. Noreg er eit land, som ligg spesielt gunstig til ved havet, sa Reve medan han viste eit bilete av ein laks.
Seinare viste han eit bilete av ein fiskebåt, som han forklarer er eit typisk norsk ikon.
– Dette er det me har drive med og som er grunnlaget vårt. Og det er dette som me skal fortsetja med, sa han.

Ein må tenkja nytt
Reve nemde óg at Noreg har ein heilt unik global situasjon på grunn av ressursane i havet. Det har vore nedgang i offshore, men oppgang i maritim næring og i sjømatnæringa.
– I Noreg skal me i framtida framleis leva av havbruksnæringene, men ein må tenkja nytt og gjera ting annleis. Nøkkelen er forsking og kompetanse.
– I Austevoll er det ei leiande næringsklynge innan sjømat, offshore og maritim næring. Men det er alltid viktig med nye modellar.
Han kjem med ei rekkje forslag til område å satsa på. Han nemner fornybar energi frå havet og maritim planteproduksjon blant anna.

Les meir om saka i Marsteinen neste veke.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad