aug 262015
 
Unge Halldor Østervold Stenevik (15) er blitt flytta opp på B-lista til Sportsklubben Brann. Foto: Bernt-Erik Haaland/SK Brann.

Unge Halldor Østervold Stenevik (15) er blitt flytta opp på B-lista til Sportsklubben Brann. Foto: Bernt-Erik Haaland/SK Brann.

Halldor Østervold Stenevik (15) har berre vore Brann-spelar i nokre veker, men er allereie komen med på B-lista til fyrstelaget.

 

Austevollingen Halldor Østervold Stenevik (15) er blitt lagt godt merke til på Brann Stadion etter overgangen frå FK Fyllingsdalen si ungdomsavdeling. Allereie er det blitt kampar frå start på B-laget og på juniorlaget kan han dominera. Denne veka vart han flytta fram på B-lista til fyrstelaget. Dermed kan han, med litt flaks, få prøva seg i Obos-ligaen.

– Fyrst og fremst er det å koma på B-lista ei påskjønning for dei aller beste juniorane våre, seier leiar for ungdomsavdelinga i Sportsklubben Brann, Kristian Andersen til lokalavisa. Han har lete seg imponera både av teknikk og styrken til 15-åringen frå Bekkjarvik.

– Halldor har evna til å halda på ballen i veldig tette posisjonar og under press som eg har bite meg særleg godt merke i, seier Kristiansen. Mot eldre gutar på G16-nivå let han seg ikkje stogga av verken lovlege eller ulovelege middel, hevdar trenaren.

– Trass i at han berre er fyrsteårsjunior, er han sterk òg mot vaksne motstandarar. Han har fått starta fleire kampar for Brann 2 så langt, og han vil nok verta mykje bruk der utover hausten, seier Brann-trenaren.

 

Skussmål

Sjølv er Halldor naturlegvis nøgd med å ha vist seg godt fram for klubbleiinga etter såpass kort tid i Brann-trøya.

– Klubben viser at dei vil satsa på meg, så eg er klar til å visa meg tilliten verdig, seier midtbanespelaren til Marsteinen, men er realistisk på at det kanskje ikkje vert nokon snarleg debut på a-laget.

Kristiansen er på si side full av lovord om Østervold Stenevik sin motivasjon til å verta ein endå betre fotballspelar.

– Han har eit veldig medvite forhold til kva han må gjera for å ta stega vidare. Dette gjer at han tek stort ansvar sjølv, og veit kva han må gjera for å verta endå flinkare. Det vitnar om ei mogning langt større enn dei 15 åra hans skulle tilseia, avsluttar Brann sin ungdomslagsleiar.

 

Av Trond Hagenes