aug 272015
 
Claus Lundekvam med fotballen i Bekkjarvik. Foto: Privat/via CappelenDamm.

Claus Lundekvam med fotballen på familieferie p å Gran Canaria. Foto: Privat/via CappelenDamm.

Alliert med journalist Thomas Karlsen fortel Claus Lundekvam om livet sitt frå tida då han tapetserte veggane sine med fotballstjerner frå England, til han brått var blitt ei av dei sjølv. Eit tidleg kapittel i boka har då òg namnet 5397 Bekkjarvik. Likevel, det handlar ikkje berre om bestemor sin lapskaus eller fotballen.

Branndebut, Hallvard Thoresen, oppturane. Innsmett av kapittel om vegen nedover. Kokainen, festane, turane til Spania. Prostitusjon. Korleis pengane forsvann av vener med uærlege hensikter. Om kollisjonen på motorvegen som vart ein av dei store, offentlege nedturane for austevollingen.

Claus har saman med skribent Thomas Karlsen levert ei fenglande lektyre, i den grad at boka er vanskeleg å leggja frå seg.

Meldinga baserer seg på dei fyrste 100 sidene av boka Claus Lundekvam – En kamp til, utgjeven på Cappelen Damm. Full melding kjem i avisa til veka.