aug 282015
 
M/F "Trondheim" trafikkerer ferjeleiet på Krokeide som normalt etter jordraset i går. Arkivfoto.

M/F «Trondheim» trafikkerer ferjeleiet på Krokeide som normalt etter jordraset i går. Arkivfoto.

Jordraset på Krokeidevegen i går førte med seg ein flaum av uvanlege manøvrar for mannskapet på M/F «Trondheim». Krokeidevegen vart stengt frå om lag klokka 17, men ferja kom inn i den normale ruta si allereie på den siste ordinære turen sin i går.

Skipperen sjølv, Harald Atle Drivenes, kan ikkje anna enn å dra på smilebandet.

– Det var politiet som gav ordre til at me måtte sigla til Halhjem. Så viste det seg at det var bilar som stod og venta på Krokeide og me måtte henta dei, etter fyrst å ha måtte venta på bussen. Deretter kom det 40-50 bilar frå Krokeidesenteret som villle verta med oss til Halhjem. Desse måtte av og køyrast om bord igjen på Hufthamar, seier skipperen, som samstundes slår fast at han aldri har vore vitne til så intenst nedbør som det som råka Fana-området torsdagsettermiddagen.