aug 282015
 
Rådmann Helge Skugstad er oppgitt etter at skulebudsjettet sprekk.

Rådmann Helge Skugstad er oppgitt etter at skulebudsjettet sprekk.

Rådmann Helge Skugstad beklaga gjentekne gongar at budsjettet for Austevoll ungdomsskule sprekk slik at det vert naudsynt med eit ekstratilskot på 2,6 millionar kroner. Dei ekstra midlane skal dekke eit stort meirforbruk og sikra at det er budsjett for nok lærare og assistentar ut året.

Det var ein tydeleg oppgitt rådmann på møte med Formannskapet torsdag, som måtte erkjenna at dei hadde brukt for mykje i forhald til budsjettet. Han nemnde ei rekkje årsaker for dette.
-Overforbruk i lønn er hovudårsaka, sa han.

Rådmannen kom òg med andre årsaker til at det var naudsynt med dette ekstra tilskottet.
– Skolen har hatt en relativt raus ressurstilgang, som ikkje har vore i samsvar med budsjett.Dette er beklagelig.
Han sa at budsjetta uansett skal haldast.
– Dei skal vera riktige og ein skal ha tilstrekkeleg med midlar.
Han avslutta med å seia at det var siste gong at budsjettet ville sprekka med ein slik storleiksorden.
– Eg vil understreke at dette er siste gang budsjettet skal sprekka på ein slik måte, det er budsjett som styrar aktivitet i alle avdelingar i Austevoll kommune.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad.