aug 282015
 

Granit

Inge Halstensen fortel til Marsteinen at rederiet i dag har inngått kontrakt for bygging av nye fabrikktrålar «Granit». Kontrakten er inngått med eit verft i Tyrkia.

Dette skjer etter at rederiet Halstensen har selt den gamle fiskebåten Granit til utlandet.
– Den nye båten vert levert til oss i Mars 2017, altså om 20 månader. Dette vil vera den einaste som finst av sitt slag sør for Stad. Me håpar at det kjem fleire, seier Halstensen med eit smil.

«Granit» er ein fabrikktrålar, som kan produsera femti tonn med torskefileet, i døgnet. I tillegg skal avskjæret av fisken brukast til fiskemjøl og fiskeolje.
– Han vil sysselsette 70 personar, der 35 byter på å vera heime og å vera på skift. Prisen vil liggja på frå 330-350 millionar, seier den nye eigaren.

Båten skal fiska torsk, hyse, sei også vidare. I tillegg til å fiska etter reke i Barentshavet.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad.