mar 032011
 

Den nye drengestova vert noko lenger og rullestolvenleg. Teikning: Tippetue Arkitekter AS.

Drengestova på Storebø har dei siste åra fungert som eit lager medan nabohuset, den gamle prestagarden, er vorte pussa opp. No er det drengestova sin tur.

Målet er at huset skal verta så fin som det ein gong var.
– Gjennom gamle arkiv har me funne ut at drengestova var like stasleg og fin som prestagarden. Slik skal det bli igjen, seier Oddvar Stangeland, som eig tunet saman med broren Magnus. Den nye stova skal fungera som eit selskapslokale, som bakar Bjørn Engen og Kulturbakeriet skal disponera.

Lukka lag
Kulturbakar Engen seier til Marsteinen at eit større lokale har vore ein mangel ved drifta hans, og at moglegheitene til lukka lag no ser betydeleg betre ut.
– Når me har lukka selskap her, må me stenga av lokalet for andre gjestar. Det er ikkje kjekt. Difor er eg særs glad for at drengestova no vert renovert, seier Engen. Han ser òg for seg og høva for kunstutstillingar er betre i det nye lokalet enn i prestagardskjellaren.

Rullestolvenleg
Oddvar Stangeland reknar med at fyrste spade går i jorda komande veke, og at det nye selskapslokale står klart innan sommaren.
– Me skal behalda grunnmuren og tømmerkjerna i huset, men utover det vert alt materiale nytt. Drengestova vert òg rullestolvenleg, seier Stangeland.
Under opprustinga, skal den gamle stova òg forlengast noko.