sep 012015
 
Elevar frå Austevoll vgs vart førre veke kursa i debattleiing. På torsdag leiar dei ordførardebatten på Austevoll folkebibliotek. Foto: Svein Olav B. Langåker/Framtida.no.

Elevar frå Austevoll vgs vart førre veke kursa i debattleiing. På torsdag leiar dei ordførardebatten på Austevoll folkebibliotek.
Foto: Svein Olav B. Langåker/Framtida.no.

Halvannan veke før kommunestyrevalet møter ordførarkandidatane i kommunen til debatt ved Austevoll folkebibliotek. Igjen er det elevar frå Austevoll vidaregåande skule skal styra debatten med tema Austevoll i framtida.

På torsdag gjentek dei vonleg debatt-suksessen i frå i vår, der over 70 publikummarar trekte til folkebiblioteket i Bekkjarvik for å oververa lokalpolitikarane sine tankar om samferdsle i og rundt Austevoll. Denne gongen tema Austevoll i framtida. I panelet vil alle dei sju partia vera representerte. Ordførar Renate Møgster Klepsvik (Frp) har i dag måtta melda avbod, då ho må prioritera ei reise til Vest-Noregs Brusselkontor. I hennar plass, stiller difor stortingsrepresentant og tidlegare ordførar Helge André Njåstad.
Det vil under debatten vera ope for spørsmål frå salen.

Terpa i debattleiing
Debattprosjektet Me snakkast er over heile Sunnhordland, og vert støtta av Nasjonalbiblioteket. Dette er eit ledd i satsinga på å gjera biblioteket til ein arena for offentleg samtale og debatt, og gjennom prosjektet får ungdom frå heile regionen opptrening i å leia og arrangera debattar. Førre veke vart fyrsteklasseelevane på studiespesialiserande ved Austevoll vgs terpa i dette.