sep 032015
 
"Hardhaus"

«Hardhaus»

I går fekk ”Hardhaus” ei fangst på 70 tonn med hestmakrell. Fullmåne kan vera årsaka til det uventa fisket, men den tidlege starten lovar òg godt for hausten, ifylgje dagleg leiar i Hardhaus AS, Inge Møgster.

– Makrellfisket byrjar vanlegvis i september, så dette tidlege hestmakrellfisket lovar godt for haustsesongen, seier Møgster.
– Eg trur berre at dette er ei innleiing på noko som det vil verta endå meir av i haust, fortel han.
Han vektlegg at månen kan ha hatt ein innverknad på fisket.
Fangstane vart gjort på Vikingbanken, rett vest for Austevoll. Mange austevollsbåtar deltar og det har vore fangstar opp i 270 tonn.
–”Hardhaus” og mannskapet er framleis ute på sjøen på jakt etter meir hestmakrell, fortel Møgster.
– Denne typen fiskeri er ikkje kvotelagt og vert ein rein bonus, legg han til.
Det tidlege hestmakrellfisket starta i forrige veke uventa og plutseleg.
– Det var ”Sulebas” som gjekk ut for å leita etter nordsjøsild, men traff på hestmakrell. Det resulterte i ein fangst på 150 tonn, seier Møkster.
”Hardhaus” gjekk ut på sundag, og fekk fyrst løn for strevet i går.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad