sep 042015
 
Ei hytte på Barmen, Økland, vart nyleg selt for 700 000 kroner over takst. Foto: Privatmegleren.

Ei hytte på Barmen, Økland, vart nyleg selt for 700 000 kroner over takst. Foto: Privatmegleren.

Hytteeigarar i Austevoll skal ikkje sjå bort frå ei god auke i verdien på bygget. Nyleg vart eit hytte på Barmen, Austevollshella, selt for 4,8 millionar – 700 000 kroner over takst.

– Me har hatt to veldig gode sal i det nye hyttefeltet på Barmen den siste tida, fortel Caroline Holmstrøm, eigedomsmeklarfullmektig i Privatmegleren. Den fyrste av hyttene vart lagt ut i mai, hadde ein treg start med få på visning, og vart selt for ein dryg månad sidan for 4,3 millionar, 200 000 under taksten seljaren sjølv hadde henta.
Hytte nummer to hadde tilsvarande standard, og ein takst på 4,1 millionar. Då denne vart lagt ut, vart interessentane på den fyrste hytta tipsa av meklaren.
– Det var fullt hus på visning, og fire bodgjevarar i ein god bodrunde som vara i over eitt døgn. Hytta gjekk til slutt for 4,8 millionar kroner, fortel Holmstrøm. Bygget var oppført i 2014 og hadde ei grunnflate på 96 rutemeter.
– Dette gjev ein kvadratmeterpris på 50 000 kroner, noko som er ekstremt bra, seier meklaren.
Kjøparen var oppvaksen i kommunen, men bur ikkje her i dag.

Aukande interesse
Holmstrøm seier at oppmøtet på visninga og talet på bodgjevarar viser at det er mange som har interesse for fritidsbustadar i Austevoll.
– Det er tydeleg at Austevoll er ein attraktiv stad å ha fritidsbustad. Me merkar stadig aukande interesse, og ser at dei fleste som kjem på visningane er frå bergensområdet. Det er òg fleire med røter frå Austevoll som vil sikra seg ein bit av dette fantastiske øyriket, seier ho.
Generelt er det gode sal i kommunen, kan Holmstrøm fortelja. For nokre månader sidan la ho ut ein leilegheit frå sameige ved den tidlegare eldreheimen på Storebø.
– Denne vart òg seld ganske kjapt.

Av: May Linn Clement