sep 042015
 
"Gamle Gardar" på veg heim i 2011. Fore år seinare vert båten hogd.

«Gamle Gardar» på veg heim i 2011. Fore år seinare vert båten hogd.

Knappe fire år etter at familien Halstensen henta heim reiarlaget sin fyrste fiskebåtvert båten sendt til opphogging. Båten vart bygd i jern i Storbritannia for 130 år sidan.

– Det var vore tæring i skroget, mest truleg medan båten låg i Bekkjarvik, noko som ville gjort ein reperasjon særleg kostesamt, seier Inge Halstensen. 15 millionar kroner, og det før oppussinga av resten av båten kunne komma i gang, er pris. Inge forklarar situasjonen med vanskar med elektrisiteten om bord, og ein omformar som kan ha ført til overleidning og at zinken reiarlaget hadde lagt på utsida av det gamle skroget dermed raskt var tæra opp. Deretter tok sjøen og groa for seg.

– Me ventar på at båten kan slepast til Hanøytangen og hoggast der, seier Inge Halstensen.