sep 042015
 
Anja Heggholmen var positiv til arbeidsinnvandring

Anja Heggholmen var positiv til arbeidsinnvandring

Samferdsle og innvandring var to av dei heitaste temaene då lokalpartia barka saman under debatten Me snakkast på biblioteket i Bekkjarvik i går. Helge André Njåstad (Frp) argumenterte for at samferdsle er viktigast i Austevoll i framtida, medan Anja Heggholmen (Ap) meinte at ein bør gjera meir for flyktningar.

Politikarar frå ulike parti vart beden om å svara på ei rekkje aktuelle spørsmål om ulike tema, som kan ha innverknad på Austevoll i framtida. Helge André Njåstad, som representerte lokalpartiet til Frp, sa at samferdsle ville vera hovedfokuset framover for partiet.
– Dette er viktigast når me er eit øysamfunn, meinte han.
Han ynskte eit betre ferjetilbod og fortalte om tre enkeltprosjekt innanfor trafikksikring, der fylkeskommunen har ein avgjerande rolle. Dette er vegen over Bjelland, Torangsvåg bru og vegen frå Bekkjarvik og til Fagerbakke. Han fortalde óg at E 39 kjem til å gå heilt frå Lagunen og til Krokeide om nokre år.
Anja Heggholmen (Ap), som er ordførarkandidat, sa at verdiskaping og fleire arbeidsplassar var ei prioritert sak for Arbeidarpartiet.
– Eg er positiv til arbeidsinnvandring, slik at ein har nok tilsette til å ta vare på dei eldre.
Ho meinte og at ein burde gjera meir for å ta imot flyktningar når problemet har vorte så stort som no.

Les meir om debatten i Marsteinen i neste veke.

Av Magnhild Rommetveit Fivelstad