sep 082015
 

forside lundekvam
Korleis kunne det gå så aldeles ille, Claus? Du som med ein slags elgete eleganse glei over grastustane på dei store fotballarenaane i England. Du, den jordnære guten frå Bekkjarvik, som kanskje var betre ven med lærkula enn skulebøkene. Eg undrast, og blar opp i boka: En kamp til.

Sjølv har eg referansar til det meste i boka, frå Gropen, den ho heilt attgrodde, vesle sletta der ungane frå Drivenes og Bekkjarvik spelte fotball. Her trente Claus teknikk til faren kom og henta han med lommelykt om kveldane. Her hugsar eg fotballkampar med bygdeungdommen på slutten av 1970-talet. Hallgeir Stenevik var god. Og sjølvsagt, her redda eg minst tolv straffespark på rad frå ganske kompetente eksekutørar. Som lesar som kjenner folka, hugsar fotballspelarane, og jamvel var på intervju med Claus i Southampton under mi eiga studietid, vert det Claus fortel noko eg ikkje kan vera likegyldig til. Å ja, Claus er eitt år eldre enn meg, og var heilt klårt det største talentet på smågutelaget til Selbjørn i 1986. Meldaren budde i England i tre år, samstundes med Claus. Medan eg leste om krig, vald og religion og sånn, trålte han øyane på jakt etter tre poeng. Sanneleg spelte han ikkje mot Bradford City òg. Naturlegvis var eg der og såg kampen.

Boka startar med Claus sitt farvel til toppfotballen. Testimonial-kampen, som spelarar med ekstra lang og tru teneste, får av klubbane sine. Ti år i raude og kvite striper. Austevollingen var nærast idrettsinvalid, men eit siste jubelbrus må han kunna ta i mot frå Saints-supportarane. Men kva no?

Neste kapittel presenterer oss for Dyret. Som nok har budd inne i fotballspelaren ei stund, men ikkje fått mat ofte nok til at det har ete opp, ribba og spytta ut att den enno unge mannen. Tre diagnoser: Alkoholikar, narkoman og sexavhengig. Store merkelappar å ha hengjande rundt halsen. Claus utleverer seg sjølv, fortel om tomheita, men òg om gleda han fekk frå tilflukta til alkoholen. For fyrste gong som 14-åring heime i Bekkjarvik. Om dei same kjenslene då han saman med ei forførande prostituert fylte nasebora og hjernen sin med kokain. Deretter kvinnene. Ei endelaus rekkje av namnlause kroppar. Claus fortel sexkjøp er utbreidd i fotballkrinsar, helst på reiser. Treningsleirar, bortekampar … Sjølv vart han nærast på fornamn med horemammaer i Spania, der han reiste under dekke av å gjera business. Alltid løgn overfor kona, Nina.
Deretter alle pengane, som heilt ukritisk flagra ut. Dårlege investeringar. Såkalla vennar som svindla han. Dop, bilar og dyre speedbåtar.
Boka gjer desse skifta, drivande ført i pennen av Thomas Karlsen. 5397 Bekkjarvik er det tredje kapittelet. Sjølv hadde eg Postboks 12 som adresse i årevis. Nærleiken og lokalkunnskapen gjer avdelinga særlig interessant. Nokre påstandar finn den lokale lesaren umogleg å tru på, men samstundes er omtala av dei nære i livet hans presise. Den milde faren, som med det opne vesenet sitt var ein utruleg lærar. Mora som har klypt luggen til ein herverande journalist utallige gongar. Bestemora sin varme aura.

Så er det desse fotballkampane … Brann-livet hans. Den Lyn-kampen på stadion. Av ein eller annan grunn var eg der, ein ausande regnvêrsdag, der 1-7 vart til 3-7 og Aristokratane måtte klatra ned eitt trinn i divisjonssystemet. Brann enda ein stad midt på tabellen. Det er slik det er. Sesongar vert kokt ned til avsnitt, men så brått er Graeme Souness der. Den sinte skotten, eine åleine ansvarleg for å ha øydelagt Liverpool og gitt hegemoniet til Man Utd. Men no er han blitt manager i Southampton og hentar Claus over. Der går fort. Claus ynskjer seg heimatt, men etter nokre ustøe steg, spelar han seg inn i hjarta til klubben sine tilhengjarar. Og forresten, legenda Matthew Le Tissier, som fyrst trudde at Claus var ein uteliggjar som hadde forvilla seg inn på treningsfeltet deira, vert ein særs god ven.
Fotballspillere er som kjempebabyer – lever i en boble der nesten alt dreier seg om lek og moro. Miljøet er nok både lettbeina, men òg rått utan særlege omsyn til personane inne i fotballdraktene. Skadd, med skuldra ute av ledd, har Claus tredd på seg trøya. Han har entra banar med kroppen full av smertestillande. Klubblegane har dessutan skrive ut medikament for å hjelpa idrettsmannen med søvnen. Alltid vanskeleg natta før og etter kamp.

I nye kapittel har det bikka over. Karrieren er for lengst slutt, i staden er det paranoia etter å ha køyrt hardt på alkohol og kokain. Jule- og nyttårfeiringa er lagt i grus. Nina har reist heim til Noreg med døtrene. Claus rusar seg så sterkt at han nesten døyr av hjarteinfarkt. Kjensla som strøymer frå 11 punkter Stempel Garamond og 100 grams Munken Print Cream fører lesaren inn i smerta til Claus. Kor er vegen ut? Han som hadde alt, så mista han det … Sjølvdrap ligg ikkje langt unna. Og der startar på sett og vis vegen attende. Og tilbakefalla. Lengten etter alkoholen. Til den gode kjensla.
Boka til Claus handlar om langt meir enn horer i fotballmiljø og sinte landslagsspelarar i klinsj på spelarbussen. Dyrbare leksjonar, ein slags skakkøyrt livsvisdom finn ein gøymt mellom sidene. Ei bok unge fotballspelarar bør ta seg tid til å lesa før dei satsar på fotballen. Ha ein strategi for kva du skal gjera når tida er der. Kven er du under drakta? Dei færraste fotballproffar dreg nok heim frå feltet og dreg fram Kierkegaard og Satre, sjølv om dei kanskje strengt teke burde gjort akkurat det. Som moderne gladiatorar, berre at i staden for å enda i gravhaugen, blir du pensjonert før du er 40. Boka til Claus handlar ikkje om ein avdanka fotballspelar, ein ny George Best eller Gazza. Det handlar om ein mann på 42 år som tek innover seg vala han har gjort. Som angrar, og som ser deg i augo når han seier det. Boka gjer vondt, engasjerer, får deg til å le, sitja med ein klump i halsen.

TrH