sep 102015
 

paa veg ut
I sju år har veninnene Camilla Storebø og Randi Elin Kolbeinshavn drive cateringverksemd i Kolbeinshamn. Dei kranglar aldri, men så reiser dei av prinsipp ikkje på ferie saman, heller.

Klokka er ni, populærmusikk på P4 susar ut av høgtalaren, og Camilla og Randi Elin er godt i gang med dagens produksjon utover kjøkendiskane i Kolbeinshamn: 130 snittar – nokre til ein 65-årsjubilant og resten til kommunen klokka elleve, lunsj til dei tilsette på Storebø skule like etter, og tapas til i ettermiddag.
– Etter at ungane er kome seg til skulen, går me rett og handlar. Så mykje som mogleg kjøper me lokalt, seier dei.
Allereie har Camilla vore ein reservetur i butikken, då dei brått var lens for sitron og egg.

Leikerom til barna
Det var under ein festleg 30-årsdag i november for snart åtte år sidan at veninnene Camilla og Randi Elin byrja å leika med tanken om å starta opp noko for seg sjølv. Medan Randi Elin arbeidde i barnehage, stod Camilla i nærbutikken i Kolbeinshamn, som skulle leggjast ned. Ingen av dei arbeidde som kokk, noko begge var utdanna til.
I mars det følgjande året var verksemda Austevoll Catering registert. Og lokalet: I Kolbeinshamn, der butikken hadde vore.

Les heile reportasjen i Marsteinen på papir eller PDF.