sep 102015
 

 

Helikopterturen til Frp er betalt av kommunen. Ein glipp, melder ordførar Renate Møgster Klepsvik.

Helikopterturen til Frp er betalt av kommunen. Ein glipp, melder ordførar Renate Møgster Klepsvik.

Austevoll kommune har betalt ein helikoptertur pålydande i overkant av 14 500 kroner for dagen då Sommerbåten til NRK var i Austevoll. Fotografia frå turen er nytta i Framstegspartiet sitt partiprogram.

Drygt 14 500 kroner kosta helikopterturen med Fonnafly, tinga av ordførar Renate Møgster Klepvsik (Frp). Turen vart flydd same dagen som NRK Sommarbåten var i Austevoll. Sjølv om det står Fotografering sentrumsplanen på fakturaen kommunen mottok og betalte, har ei rekkje av bileta frå turen funne vegen inn i Framstegspartiet sitt valkampprogram.
– Det var Framstegspartiet som tinga helikopterturen, og sidan kommunen likevel trengde fotografi i samband med sentrumsplanen, verka det meiningslaust at kommunen måte tinga helikopter separat når me likevel skulle ut og ta bileta til valkampmaterialet vårt, forklarar ordførar Møgster Klepsvik om bakgrunnen for flyturen.
At kommunen skal ha fått fakturaen for flyturen, og at ho sjølv skal ha godkjent han for betaling, tilskriv ho ein glipp.
– I ettertid får me verta samde om kva kommunen skal betala for sentrumsplansbileta og kva Framstegspartiet skal betala, seier Møgster Klepsvik. Det var leiar for utval for plan og byggjesaker, Helge André Njåstad (Frp), som var fotograf på turen.

Sjokkert Ap
Ingrid Møgster frå Arbeidarpartiet stilte spørsmål om helikopterturen og fotograferinga under Politisk kvarter i kommunestyremøtet denne veka, og er sjokkert over at det ikkje er samsvar mellom verkelegheita og svaret ho fekk frå ordføraren.
– Ho svarte tvert om at det var Framstegspartiet som hadde betalt turen, om det ikkje viser seg å vera sant, må eg vurdera kva steg eg skal ta vidare, seier Arbeidarpartiet sin gruppeleiar til lokalavisa.

Kritiske
Høgre sin gruppeleiar Liv Bente Storebø seier til Marsteinen det er eit heilt grunnleggjande prinsipp at kommunen og dei politiske partia ikkje vert blanda saman på ein slik måte som kan vera tilfellet i denne saka.
– I tillegg vil dei seia at me vart feilinformerte i kommunestyret. Om opplysingane til Marsteinen stemmer, betyr det at me har nok ei sak me må vurdera for kontrollutvalet, seier Storebø til Marsteinen.
Senterpartileiar Lars Knut Aarland synest òg det er grunn til å vera kritisk dersom ordføraren har blanda saman kommune og parti.
– Eg er sterkt kritisk dersom det viser seg at ordføraren med vilje har feilinformert kommunestyret om kven som tok kostnaden, seier Aarland.