sep 102015
 
m og m 01

Marte Kalve Klepsvik og Marita Weløy går i bresjen for innsamlingsaksjonen Dråpen i havet Austevoll. Biletet på mobil til Maria viser Aylan Kurdi (3) slik tanta hans har uttalt at ho alltid vil minnast guten. Saman med mora og broren drukna han og vart skylt i land under siste etappen frå Tyrkia til Hellas.

Engasjementet blant austevollingar som vil bidra, har ikkje lete seg venta på etter at Marte Kalve Klepsvik og Marita Weløy bestemte seg for å arrangera ein velferdskonsert til inntekt for flyktningar i naud.

– Me kan ikkje lenger berre sitja å sjå kor vondt folk har det. Me må gjera noko.
Slik byrja ei telefonsamtale mellom veninnene Marita Weløy og Marte Kalve Klepsvik for ei lita veke sidan. Sporenstreks var dei i gang med planlegginga av ein velferdskonsert til inntekt for prosjektet Dråpen i havet, som er etablert for å hjelpa syriske flyktningar i naud. Konserten finn stad i Austevollhallen neste sundag.
– Det var då biletet av Aylan på tre år – guten som nærast har vorte eit symbol på flyktningkrisa – kom i media, at me berre måtte gjera noko. Du ser dine eigne barn i den vesle guten ikledd t-skjorte, shorts og sko, som ligg livlaus i stranda.

Les heile saka i Marsteinen på papir eller PDF.