sep 112015
 

reidun d
Reidun Drønen (68) er midt i den sjette cellegiftskuren sin. Det som tregar henne mest, er at ho ikkje har nok energi til å plukka sopp saman med mannen Bård, samt at sommarens badeturar har måtta vike.

– Men eg har no i alle fall bada i år eg òg: Fyrste nyttårsdag var eg uti. Eg kjem sterkt attende, både når det gjeld badinga, sopplukkinga – og det politiske engasjementet mitt, seier Reidun og ler. Hovudet hennar er bert, heime likar ho best å gå utan parykken.
For eit halvt år sidan stilte Reidun som vanleg opp då mammografibussen kalla henne inn. Nokre dagar seinare fekk ho telefon om å koma til Haukeland for å ta nye prøver.
– Ting gjekk veldig fort. Det tok tre veker frå eg fyrst var på mammografibussen til eg vart operert for brystkreft.
No er ho midt i den sjette cellegiftskuren sin, og har rekna ut at om alt går etter planen, får ho den åttande og siste den 8. oktober.
– Då bør helsa halda til å vera med på Rose sløyfe-stafetten den 3. oktober, slår ho fast.
I fjor var ho kjeglevakt under stafetten, og minnast kor rørt ho vart då tidlegare brystkreftråka Anna Nilsen sprang i mål.
– Eg hadde ikkje trudd at eg sjølv skulle vera kreftpasient eitt år seinare, seier ho.

I Marsteinen neste veke kan du lesa meir om den samfunnsengasjerte dama i Drøno.