sep 122015
 
Ketil Solvik-Olsen handhelsar på lokalpolitikar Olav Njåstad, medan stortingsrepresentant Helge André Njåstad og ordførar Renate Møgster Klepsvik frå same parti bivånar.

Ketil Solvik-Olsen handhelsar på lokalpolitikar Olav Njåstad, medan stortingsrepresentant Helge André Njåstad og ordførar Renate Møgster Klepsvik frå same parti bivånar.

 

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vart sett inn i den skrikande trongen for eit betre ferjetilbod til øyane, og fekk teke ein nærare titt på brua over Torangsvågen, ein farleg flaskehals i fylkesvegssystemet på øyane.

Statsråd Solvik-Olsen og politisk rådgjevar Sara Berge Økland vart henta på Hjellestad av ordførar og partikollega Renate Møgster Klepsvik, som nytta høvet til å understreka kor viktig det er for Austevoll at regjeringa fylgjer opp og sikrar midlar òg til fylkesvegsferjene.

Den gamle rikspolitiske sluggeren Magnus Stangeland (Sp), som stod for transporten til øyane, trekte fram at ein på drift og bygging av ferjer har mykje å læra frå offshorenæringa.

Dei lokale framstegspartipolitikarane vonar at ein ved å synleggjera prosjektet med betre bru over Torangsvågen for statsråden, gjerne òg kan få bruprosjektet framskunda på den fylkeskommunale prioriteringslista. Samferdsle er ein av sektorane som får stimuleringsordningar grunna nedkjølinga av den nasjonale økonomien.

Marsteinen sitt intervju om ferjespørsmål får du i avisa på torsdag.