mar 032011
 

26 mann i a-lagstroppen til Austevoll nyt denne veka 20 grader i tyrkisk vårsol, enormt flott naturgras som ein lekk i sesongoppkjøringa.

Rasmus Kåre Storebø, leiar i fotballgruppa til Austevoll idrettsklubb, er oppglødd over treningsforholda a-lagsgjengen har i Tyrkia. Her har dei vore sidan laurdag, og treningsleiren varar til i overmorgon.

– Me har samla så og seia heile troppen til ei veke i varmen. Utruleg, sidan me berre klarte å samla heile gjengen ein gong i løpet av fjorårssesongen, seier ein smilande Rasmus Kåre på telefon frå Side, ein stad midt mellom Alanya og Anatolia-flyplassen, medan Stig Storebø ropar kommandoar til spelarane sine i bakgrunnen.

Fabelaktige banar

Trenar Stig er minst like nøgd som Rasmus Kåre.

– Me får betre tid til alt. Me kjører intensiv trening annankvar dag, og når me har låg intensitet, terpar me mellom anna formasjonar, fortel Stig Storebø på telefon frå Tyrkia. Banane er fabelaktige, naturgras som er så slett og fint at tankane går rett til kunstgras.

– Det er flott stemning i leiren, og me nyttar tida mellom treningane til å eta god mat og slappa av ved bassengkanten, melder Stig, som i tillegg kan opplysa om at troppen på 26 mann i Tyrkia er friske og raske, og at berre tre spelarar kjenner litt til småskadar.

– Opphaldet vårt her nede er utruleg nyttig for oss, seier Stig som etter ein halv mannsalder i klubben endeleg har fått vera med på treningsleir til utlandet, noko det er tradisjon for i mange andre klubbar, òg nedover i divisjonane.

Treningsopphaldet vert avslutta med to treningskampar fredag, med dei norske laga Volda (tredjedivisjon) og Vartdal (fjerdedivisjon).