sep 142015
 

I kveld fylgjer Marsteinen valvakene til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Høgre.

Framstegspartiet si valvake 23:54

– Me skal halda fram med å kjempa for partiet sine saker, seier Renate Møgster Klepsvik etter det negative resultatet for partiet. Dei har til no berre fått 21 prosent av stemmene. For fire år sidan fekk dei 47,4 prosent. Dei håpar at dei får fem kandidatar i kommunestyret.
– Me har fått det siste mandatet, som kan flytta på seg. Difor kan det skje endringar når me tel personstemmer eller slengarar, seier ho til slutt.

Renate Møgster Klepsvik gjer ikkje opp.

Renate Møgster Klepsvik gjev ikkje opp.

 

Høgres valvake 23:26

– Me går i forhandlingar med Arbeidarpartiet i morgon om eit valteknisk samarbeid, seier Morten Storebø. Som etter alt å dømma er Austevolls kommande ordførar.

 

DSC_7519
Arbeidarpartiet si valvake, klokka 23.20:
Arbeidarpartiet er det nest største partiet i Austevoll, med 593 av stemmene under valet i år. Det vil seia 24 % til Arbeidarpartiet.
– Målet vårt var å slå rekorden frå 1987 på 23,4 %, seier ei sprudlande glad Anja Heggholmen.
– Tusen takk til alle som har bidrege. Det har vore heilt fantastisk! Alle som har gått rundt med program, bidrege med tekst. Eg er veldig, veldig stolt over alle.

Kommunestyresalen, klokka 23.07:
Stemmene frå valdagen er klare:

Framstegspartiet: 376 – 21 prosent – 5 representantar
Høgre: 756 – 37,6 prosent – 8 representantar
Arbeidarpartiet: 469 – 24 prosent – 5 representantar
Miljøpartiet dei grøne: 45 – 2,3 prosent – 0
Venstre: 32 – 1,7 prosent
Senterpartiet: 115 – 5,7 prosent – 1 representant
Kristeleg folkeparti: 152  – 7,7 prosent – 2 representant

Kommunestyresalen, klokka 22.45:
Førehandsrøystene er klare:

526 førehandsrøyster
Framstegspartiet: 143, 27,2%, 6 mandat
Høgre: 173, 33%, 7 mandat
Arbeidarpartiet: 124, 23,6 %, 5 mandat
Miljøpartiet dei grøne: 12
Venstre: 9
Senterpartiet: 25, 4,8%, 1 mandat
Kristeleg folkeparti: 39, 7,4 %, 2 mandat

DSC_7504
Kommunestyresalen, klokka 22.40:
Stemmene er ferdigtelte. No byrjar summeringa.

Framstegspartiet si valvake, klokka 22.30
Ordførar Renate Møgster Klepsvik har informert om at partiet har gjort det dårlegare enn Arbeidarpartiet og Høgre før stemmane frå Selbjørn er telt opp. Dette stemmar overeins med Georg Kenneth Fedøy si dårlege magekjensle. Han er kandidat til kommunestyret.

Fedøy på valvaka til FrP i midten her.

Fedøy på valvaka til FrP i midten her.

Litt historikk:

Høgre gjorde sitt sterkaste valresultat i 1991, då dei fekk 40,3 prosent av stemmene. Arbeidarpartiet hadde sitt historisk beste val i 1987, med 23,4 prosent av dei som avgav stemmene sine.

Frå 1975 til 1995 var Kristeleg folkepari sterke i Austevoll og låg over 20 prosent i alle val. Best var dei i 1987, med 26,7 prosent.

Senterpartiet har berre vore over 20 prosent ein gong, i 1979 då dei fekk 22,5 prosent av stemmene.  Lågast oppslutting sidan 1971 fekk dei ved sist krossveg, med berre 9,1 prosent av stemmene.

Frp har dominert austevollpolitikken dei siste tolv åra. Helge André og kompani fekk 47,4 sist gang og 43,7 for åtte år sidan.

Venstre fekk 8 prosent av stemmene fyrste gangen dei stilte med liste i Austevoll – i 1971. Andre, det vilseia bygdelistene, fekk 45,7 prosent av stemmene den gongen.

21.45: Austevoll Arbeidarparti si valvake.
Fyrste prognose frå oppteljinga i kommunestyresalen seier forsiktig nok at det ser bra ut for Arbeidarpartiet.
Åtgaum frå vallokalet på Selbjørn i dag: Dei måtte fylla oftare på med Ap sine stemmesetlar enn ved førre val!

Høgre si valvake, klokka 21:40:

Optimistisk Morten i Bekkjarvik i kveld.

Optimistisk Morten i Bekkjarvik i kveld.

Ordførarkandidat Morten Storebø vonar at dei skal verta det største partiet, og gjerne gjera eit betre val enn i 2011. Den gongen fekk dei 31 prosent og endra med seks mandat.

– Eg har vore med på alle valkampar lokalt sidan eg vart politisk aktiv, men i år har tonen på stands vore at eit skifte trengjer seg på, seier Morten til lokalavisa.

Skulle Høgre vinna valet og få ordføraren fylgjer Morten i fotefara til bestefar Rikard Storebø og far Inge Bjarne Storebø.

DSC_7495
21.00: Austevoll Arbeidarparti si valvake
Fleire er kome til, deriblant Venstre sine to øvste kandidatar, og dei frammøtte jublar over resultata NRK kjem med:
Ap: 34,2 %, beste val på nesten 30 år.
Frp: 9 %, og førebels dårlegaste val sidan 1991.
– Veldig gode resultat på førehandsstemmene, seier Anja.

DSC_7487
20.30: Austevoll Arbeidarparti si valvake.
Ordførarkandidat Anja Heggholmen ynskjer velkommen til valvaka på Drengastova – lokalet dei booka allereie før årsmøtet.
– No skal me eta og kosa oss skikkelig fram til resultatet, seier Anja.
– Klokka ni ringer me til kommunehuset og får fyrste oppdatering frå teljinga. Eg trur me vil gjera eit brakval i dag, seier Sissel Fagerbakke, til applaus hos dei førebels noko-og-tjue frammøtte.