sep 152015
 
Kommande ordførar Morten Storebø (H) får sigersklemmen frå andrekandidat Grethe Drønen Ringdal. Tolv år i opposisjon er forbi.

Kommande ordførar Morten Storebø (H) får sigersklemmen frå andrekandidat Grethe Drønen Ringdal. Tolv år i opposisjon er forbi.

Etter at den noko skuffande oppsluttinga på førehandstemmene (33 prosent), gjekk jubelen i taket på Høgre si valvake ved Bekkjarvik gjestgiveri då dei endelege resultata låg føre i går (37,6 prosent til Høgre).

Det er klart at Høgre og Arbeidarpartiet inngår i eit valteknisk samarbeid, som sikrar at Anja Heggholmen (A) vert varaordførar.

 

Valresultatet:

valresultat

Høgre: 37,6 prosent – 8 representantar
Arbeidarpartiet: 24,0 prosent – 5 representantar
Framstegspartiet: 21,0 prosent – 5 representantar
Kristeleg folkeparti: 7,7 prosent – 2 representantar
Senterpartiet: 5,7 prosent – 1 representant
Miljøpartiet dei grøne: 45 – 2,3 prosent – ikkje representasjon
Venstre: 32 – 1,7 prosent – ikkje representasjon