mar 072011
 

Ordførar Helge André Njåstad vonar å få resten av kommunepolitikarane med seg på å investera i nytt ringjeutstyr for klokka på Austevoll kyrkje. Utstyret som syt for automatisk ringing har vore nede sidan før jul. Kyrkjeverge Jan Tørres Nordstrand seier at det berre er klemting i klokka som har vore mogleg sidan utstyret vart øydelagt.

– Det kostar om lag 55 000 å reparera utstyret, men me vonar at det skal vera på plass til konfirmasjonen, dersom politikarane kjem med ekstraløyving til føremålet, seier Jan Tørres til Marsteinen.