sep 152015
 
Inger Marie Møgster har lagt ein stor del av hjarta sitt at i ein barneheim i Brasil.

Inger Marie Møgster har lagt ein stor del av hjarta sitt at i ein barneheim i Brasil.

Inger Marie Møgster, som arbeider som helsesekretær, fortel at ho har eit brennande hjarte for gatebarna på ein barneheim i Brasil, som heiter Fenase. Det gjer ho meining i livet å vitja barneheimen og å bidra slik at dei traumatiserte borna, får det betre.

 

– Det gjev meining i livet å vera til hjelp for nokon som treng det. Dette gjeld fyrst og fremst i familien, men òg i arbeidslivet, fortel ho med eit kjærlig blikk. Ho fortel om barneheimen til Marsteinen, som har betydd så mykje for henne. I møte med gateborna som bur på barneheimen har ho funne ei eiga glede, som ingen kan ta frå henne.

 

Mykje kjærleik

Fenase barneheim er ein privat og ikkje profitt basert evangelisk institusjon, som held til i byen Nitteroy i delstaten Rio de Janneiro. Det vart oppretta i 1998 for å bistå gatebarn. Barneheimen gjev 115 barn i alderen 5-16 år ein plass å vera på fritida.

– Det er fantastisk å møta desse barna, fortel ho engasjert.

Møgster opplyser om at Fenase gjev barna mat, reine klede og tilbod om leksehjelp. Dessutan tilgang på bibliotek og data. Dei får óg moglegheiter til å vera med på sportslege aktivitetar og turar. Undervising i musikk, kunst og handverk, søm og matlaging er og ein del av tilbodet.

– Men mest av alt får dei mykje kjærleik, legg Møgster til med eit stort smil.

Barna går på vanleg offentleg skule. Den yngste gruppa kjem til barneheimen tidleg om morgonen og er der til etter lunsj. Då vert dei henta av skulebussen for å gå på skule. Dei eldste kjem etter skuletid og er der utover kvelden.

– Mottoet til barneheimen er at: Me vil ta borna ut av gata og gata ut av borna, seier ho alvorleg.

 

Sterke historier

Inger Marie Møgster vil dela bakgrunnen for at ho vart engasjert i akkurat denne barneheimen.

– DOF har eit offshoreselskap i Rio med 25 skip. Mannen min Helge vart invitert til å vitja barneheimen av ein kollega og nær ven, Paulo Haddad, som tidlegare var direktør på eit skipsverft i Nitteroy og som DOF har bygd fleire båtar hos. Han starta denne barneheimen i 1998. Sidan har me vore med å støtta dette, seier ho.

Møgster fortel at ho og ektemannen Helge har vitja barneheimen ei rekkje gonger og at ho er der jamnleg når ho er i Rio.

– Barna kjem springande mot oss og omfamnar oss når me kjem på besøk. Dei dannar ring saman med oss og syng og ber for oss. Det er sterkt å vera der. Dette er barn med ein traumatisk bakggrunn som bur i favela-strok. Det er stor kriminalitet på heimstaden deira.

Ho seier at gutar gjerne ber våpen når dei er 13-14 år og at jenter ofte vert gravide i same alder. Dessutan at mange foreldra er i fengsel eller er narkomane og ute av stand til å ta seg av barna.

– Dei barna som kjem til Fenase vert plukka ut av kommunen, men barneheimen vert drive 100 prosent på privat basis. Me kan tydeleg sjå skilnad på barna etter at dei har vore på barneheimen ein stund.

Ho har fleire sterke historier å fortelja om å møta barn som har ein vanskeleg bakgrunn, men som får gleda i auga igjen etter å vera på barneheimen ein stund.

– Ei jente på 11 år som vart misbrukt og fekk syfilis er ei av desse. Du ser på bileta av denne jenta at dette har sett spor. Andletet fortel om smerte. Men seinare skal du få sjå den same jenta. Her smiler ho med heile andletet, seiar Møgster og viser eit anna bilete.

Jenta er no frisk men måtte flytta til ein annen by med mora etter at han som misbrukte henne vart sloppe fri frå fengsel.

Eit anna døme på at barneheimen hjelper barna er ein gut på ni år som slost heile tida og kastat seg over mat når han kom på barneheimen. Guten sin far var i fengsel og mora var narkoman. Han budde i favelaen med bestemora si.

Ho fortel at etter ei tid på barneheimen var han rolegare og venta på signal før han byrja å eta. Dei tilsette på barneheimen gav han masse kjærleik og omsorg.

Ana, som er deira ”mor” og styrer på barneheimen, spelar óg ei viktig rolle ifylge Møgster. Ho hadde kreft og var dødssjuk, men vart spurt for å hjelpa på barneheimen når dette råka ho. Dette er ti år sidan og Ana er no heilt frisk.

– Ana er spesiell og har vore viktig for den gode utviklinga til barna. Dei fleste av barna, som får vera der til dei er 16 år har høg ”recovery rate” og mange klarer seg etter eit opphald på barneheimen. Dei får òg vidare hjelp og støtte til utdanning gjennom eit prosjekt, som heiter Dream, Learn and Work, seier Møgster.

Barneheimen har tilgang til eigen lege, prest og ungdomsarbeidar. Dessutan har dei psykolog og sosial-kurator, som hjelper barna gjennom traume.

– Dei får mykje kjærleik. Eg ser kva dette gjer med barna og for meg vert orda som står i Bibelen så verkeleg: Størst av alt er kjærleiken. Det gjev meining å hjelpa nokon som treng det.

 

Fleire store augeblikk

Det er fleire høgdepunkt frå barneheimen, som har festa seg på netthinna.

– Det var spesielt å sjå gleda i auga deira då dei fekk fotballsko og Tine-t-skjorter. Nokre av dei spelte fotball på betong utan sko, så dette betydde mykje for dei. Det betydde òg mykje for dei å få ein eigen fotballbane å spela på, fordi dei er utruleg flinke til å spela fotball.

Ho fortel at Steve Perryman gav gode prisar og at Austevoll idrettsklubb bidrog med sko og Tine t-skjorter, og dessutan ranslar til alle.

– Eg vil retta ei stor takk til AIK ved Anne Berith, og dessutan til Trond Hagenes og padleklubben som har bidrege med polo-skjorter, seiar ho.

– I 2014 var me på besøk under VM i fotball saman med dei to eldste barneborna på 10 og 15 år.

– Då me kom til barneheimen stod barna i to rekkjer og var klår for fotballkamp. Fyrst høyrte me den norske nasjonalsangen og så den brasilianske-og så var kampen i gang. Dette var eit minne for livet.

Møgster følgjer dagleg med på Facebook om kva som skjer på barneheimen. Ho gler seg til ein ny tur til Rio for å gjera ein forskjel for endå eit gatebarn.

– Ingen kan hjelpa alle, men alle kan hjelpa nokon, seier ho til slutt.

 

Av Magnhild R. Fivelstad