sep 182015
 
Neste helg vonar Morten Storebø (H) og Anja Heggholmen (A) å kunna presentera samarbeidsplattformen sin.

Neste helg vonar Morten Storebø (H) og Anja Heggholmen (A) å kunna presentera samarbeidsplattformen sin.

I går møtte Arbeidarpartiet og Høgre kvarandre for å spikra saman den politiske plattforma som skal liggja til grunn for samarbeidet partia i mellom.

– Me har eit veldig godt klima, konstaterte kommande ordførar Morten Storebø (H).

Etter møtet melde dei konservative på nettet at dei tek sikte på å utforma ein handlingsplan som begge partia kan stilla seg heilhjarta bak, samstundes som plattforma ikkje skal vera til hinder for at dei andre partia sine innspel skal bli høyrde.

– Samtalane mellom Ap og Høgre er konstruktive, prega av gjensidig respekt for kvarandre og vilje til å innfri veljarane sitt ynske om eit politisk skifte i Austevoll. Det blir eit opphald i samtalane no i helga og til veka, men me håpar å presentere avtala mellom Ap og Høgre neste helg. Det fyrste møtet for det nye kommunestyret er eit stykke fram i tid, 12. oktober, skriv Høgre på verdsveven.