sep 202015
 

draapen01
Fleire hundre publikummarar fann vegen til Austevollhallen og velferdskonserten Dråpen i havet i ettermiddag.

Prisoner of the Road, framført av Nils Ove Sørvik på vokal, Svein Waage på piano og Sigve Solbakken på akustisk gitar.

Prisoner of the Road framført av Nils Ove Sørvik på vokal, Svein Waage på piano og Sigve Solbakken på akustisk gitar.

To veker har gått sidan veninnene Marte Kalve Klepsvik og Marita Weløy fann ut at dei ville arrangera ein konsert til inntekt for syriske flytningar i naud. I dag stod over 20 austevollingar på scena og underheldt publikummarane med pop, country, dans og til og med litt klassisk.
– Me er heilt satt ut over kor mange som har møtt opp her i dag, sa Marita, som saman med Marte var konferansierar under arrangementet.

Les meir om tilstellinga i Marsteinen på torsdag.